Kay Arne Kirkebø bur og arbeider i Lillehammer.
Etter å ha tilbrakt dei siste 15 åra i Bergen, kor han også tok si mastergrad i billedkunst, har no veien brakt han til Lillehammer. For tida jobbar Kirkebø med å ferdigstille arbeid til to kommande seperatutstillingar, ved Kunstgarasjen i Bergen og Vestfold Kunstsenter. Han deltar også ved årets østlandsutstilling.
Kay Arnes kunstnarskap er foranka i tegnekunsten gjennom fleire forskjellige uttrykk og metodar.
Det som begynte som figurative arbeid på papir har gjennom åra utvikla seg til abstrakte animasjonar, bok-kunst og arbeid direkte på vegg i visningsrom og alle står i dag som likeverdige uttrykk i Kirkebøs kunstnarskap.
Hans interesse for det arkitektoniske, og futuristiske får fritt spelerom i dei detaljerike og tidskrevande isometriske tegningane kor han framstilliar uendelege bylandskaper og umulige konstruksjonar satt i ei framand framtid. Her kan ein også sjå klare referansar til dataspel mediet.
Gjennom animasjonkunsten utforskast det repetative og meditative ved tegneprosessen. Her blir tegningar gjentatt med dei minste endringar og over tid skapast det bevegelsar og rytmar. Linjene blir til geometriske former som beveger seg i grenselandet mellom det romslege og flate. Det er ingen forhåndsbestemte narativ, men heller ei granskning av linjenes og geometriens potensiale.
I Kay Arnes bok All Is Lost fra 2017 og arbeida knytta til denne får han vist ei anna side av kunstnarskapet sitt. Presisjon gjev rom for ein avslappa slacker- strek, og arkitekturen viker for underfundige, og tidsvis truande, kvardagssscener.
Kay Arne har stilt ut over hele landet og internsjonalt og har blant annet hatt utstillingar ved Tegnerforbundet, Østfold Kunstsenter, Bodø Biennalen 2020 og deltatt på høstutstillinga.
Han er medlem i Norske Billedkunstnere, Tegnerforbundet og Billedkunstnerene i Oppland.
Line Rhythm Verse II (2016, video)