Utstillinga åpner i Produksjonshallen på Fabrikken, Løkkegata 9, laurdag 13. juni kl. 1400. Utstillinga er også åpen på søndag 14. juni kl. 12 – 16. Utstillinga vil vere tilgjengelig ut juni. Mand. – fred. Kl 1200 – 1600.

Bildene og utstillinga henter inspirasjon frå astronomien og stjernehimmelen. – Eg har laga utstillinga ut frå stjernebildet Coma Berenices eller Berenikes Hår, seier Egge. Utstillinga består av tre kulltegninger, kvar på 2x2m. Tittelen på “triologien” er Berenikes Hår, og bildene har undertittel: Møtande – Strøymande – Døyande.

Universet er ein stad der fødsel, liv og død foregår på nærmast same måte overalt . Det skjer ei kontinuerleg utvikling, ein slags evolusjon i stor skala der stjerner oppstår, brenn ut og skaper grunnlag for nye byggesteiner, slike som vi menneske er skapt av.
Dette er ein brutal prosess samtidig som den er vakker, og ut av dette har vår eigen planet oppstått med dei livsformer og den evolusjonen som har foregått her.

Stjernehimmelen har gjennom tidene vært ei kjelde for kunst, religion og fantasi. Stjernebildene har blitt til gjennom mytiske forestillinger der menneska har projisert sine eigne fantasibilder på stjernene og fylt nattehimmelen med guder, dyr og fantasivesener. Bilder satt saman til konstellasjoner med namn som vi bruker også i dag for å beskrive det vi ser.

Berenikes Hår består av ei mengd svake stjerner med ein galaksehop i bakgrunnen. Historia og namnet bak dette stjernebildet er i motsetning til dei fleste andre vi ser, frå den verkelege verda.
Det har fått namnet sitt etter den vakre egyptiske dronninga Berenice II som levde omkring år 200 f. Kr. Dronning Berenice var kjend for sitt lange, gyldne hår, og ho lova å ofre håret sitt til gudinna Afrodite dersom mannen kong Ptolemaios kom velberga frå ei av sine stridstokter.
Han gjorde det, og Berenice gav håret sitt til Afrodite som plasserte det i tempelet.
Håret vart borte på uforklarleg vis og det seiest at Afrodite i begeistring over gåva hadde plassert det på himmelen, der den vesle stjernehopen fekk namnet “Berenikes Hår”.

Vår sol og vår jord høyrer også til i eit stjernebilde.
Dette stjernebildet kan vi ikkje sjå.
Men det er sikkert like vakkert.

For ytterligere informasjon kontakt billedkunstner Jan Egge, mobil 41 21 05 22.

Med vennlig hilsen
Heidi Eriksen
Daglig leder/intendant