Velkommen til BKI´ordet fredag 27. februar kl. 12 på Oplandia i Lillehammer. Denne gang med Anne-Marte Før. Det serveres enkel lunsj i etterkant av presentasjonen.

Dette sier kunstneren:
Eg, Anne-Marte Før (ho/henne), er kunstnar basert i Oslo/Valdres, med ein mastergrad i kunst frå Kunstakademiet, Kunsthøgskolen i Oslo.

I kunstpraksisen min arbeidar eg med kulturhistoriske materialar i vid forstand, med undersøkingar av omforming, fråvær, mellomrom og tid. Med ei interesse i strekket mellom stadbundne og flytande identitetar og i korleis gjenstandar, songar, forteljingar, kunst og kunnskap endrar seg gjennom traderingsprosessar. Praksisen min er ikkje-mediespesifikk og verka strekk seg frå installasjon, lydarbeid, objekt og skulptur til tekst.

Motivasjonen ligg ofte i materialet sjølv, korleis dei lesast i ein spesifikk kulturhistorisk kontekst og korleis kome i dialog med materialet. Det kan t.d. vere eit eldgamalt bakstetrau som kappast i to og automatiserast, gamle dyrebjøller som smeltast om, matklokker som aktiverast over store områder i kulturlandskapet, bruk av hus som ikkje er i bruk, omforming og nye samanhengar for lydar, både feltopptak og arkivopptak, undersøkingar av folketru og ritual.

Eg driv også plattforma Flyktig/Fugitive saman med Gary Farrelly (IR). Kvar sommar sidan 2020 har vi invitert kunstnarar til å arbeide med performative og midlertidige praksisar i Valdres.

// BKI-ordet arrangeres av Billedkunstnerne Innlandet den siste fredagen i måneden, annenhver gang på Kunstbanken senter for samtidskunst og Oplandia senter for samtidskunst. Arrangementet er et samarbeid som kombinerer kunstnerpresentasjoner og felles lunsj, der en kunstner fra Innlandet presenterer et pågående eller tidligere prosjekt, eller gir innblikk i sin kunstneriske praksis. Målet er å styrke det kollegiale fellesskapet i regionen, gi kunstnere bedre kjennskap til hverandres arbeidsprosesser, og synliggjøre den profesjonelle kunstscenen i Innlandet for et kunst- og kulturinteressert publikum.